Åseral – opplevingar heile året
Fjelldestinasjonen Åseral med sine høge fjell og store vidder, stille fjellvatn og viltre vassdrag er attraktiv sommar som vinter. Her er to tusen år gamle buplassar og topp moderne overnattingsplassar. Åseral er ein kraftkommune med berre rundt 900 fast busette – til gjengjeld er dei særs hyggelege og romslege.

Det vil du oppleve når du stikk innom Minne Kultursenter i Kyrkjebygd, som ligg midt i kommunen. Her får du informasjon om lokal historie og tradisjonar, om turløyper og naturopplevingar og om hyttegrendene Bortelid, Ljosland og Eikerapen og alt dei har å by på.
I Kyrkebygd ligg Åseral kyrkje frå 1822, den er verd å sjå. Eit par kilometer herfrå ligg Sosteli, øydegarden som er ein av Noregs best bevarte buplassar frå eldre jernalder.
Andre sjåverdige stader er den 46 meter høge Juvassdammen, Tippin og dagsturhytta i Kyrkjebygd, Ljosland Fjellhage, heigarden Pytten eller Lordehytta – dette Soria Moria som ligg langt inne i fjellheimen. Skotske Lord Salvesen bygde jaktslottet for over 100 år sidan, nå eit ynda turmål for både lokale og tilreisande.
I Åseral finn du festivalar, marknader og kulturaktivitetar – men det er nok den eventyrlege naturen som trekker flest folk hit, sommar som vinter. Her er nærast uavgrensa med turmoglegheiter, det er mellom anna difor Bortelid, Ljosland og Eikerapen er blitt så populære hyttegrender. Herfrå kjem du opp i fjellheimen på oppkøyrde løyper om vinteren og på merka stiar i den lyse årstida. Her kan du finne fred og ro, fiske, terrengsykle, padle eller kanskje gå ein topptur til Skoræ med sine 1041 meter? Er du heldig kan det vere du får sjå rypa, ørna eller til og med villrein.
I vinterhalvåret kan du óg leike deg i alpinbakkane. Bortelid, Ljosland og Eikerapen har alle skianlegg med spanande nedfartar, og mange aktivitetar for store og små.
Overnatte kan du gjere i hengekøye eller bubil, på hytte eller hotell – kva med ei natt på Håvestøl naturcamp, Ljosland Fjellstove eller Eikerapen Gjestegard, eit moderne eventyrslott?
